Felles lokal rammeplan for barnehagane i Herøy kommune

Lov om barnehagar og Rammeplan for barnehagen legg føringar for drift av alle barnehagane i Noreg. Utifrå desse skriv barnehagane sine langtidsplanar og årsplanar. I Herøy har man valt å ha ein lokal Rammeplan i tillegg til den nasjonale.

gnist_flisnes_tonemolnes_2020_TMO4242.jpg

Satsingsområda i den lokale Rammeplanen har alle styrarane i dei ulike barnahagane i Herøy vore med på å velje ut, og det er dette som vert den felles satsinga fram til 2024.
Planen skal sikre at alle tilsette får auka kompetanse innan for desse områda og kvar einskild barnehage legg til grunn korleis dei vil arbeide med dette i sine eigne planar.


gnist_rollandslia_tonemolnes_2019_TMO2466.jpg


Barn i Herøy skal ha eit godt barnehagetilbod uavhengig av om dei går i kommunal eller privat barnehage. Den lokale rammeplanen skal vere felles og forpliktande for barnehagane i kommuna, og dei tilsette i barnehagane skal vere godt kjent med innhald og lov i den lokale Rammeplanen, da denne er styrande for utviklingsarbeid og kompetanseheving. 

Herøybarnehagane skal stå for kvalitet og lokal Rammeplan skal sikre alle barn i Herøy eit godt grunnlag for god livsmeistring.


Her kan du laste ned den lokale Rammeplanen for Herøy kommune.